Sikkerheitskontroll

Første del av den praktiske førarprøven består av sikkerheitsspørsmål omkring bilen. Det er alltid godt å kunne noko om kjøretøya me nyttar, så bruk god tid til å studere desse eksempla på kva som er nyttig å veta. Dersom du ikkje forstår enkelte av forklaringane, spør trafikklæraren.

Bremsar:                                                                 

  • Forklar og kontroller bremsekraftforsterkar.               
    • Forsterkar kreftene me brukar på pedalen. Kontroller ved å pumpa bremsepedal 4-5 gonger med motor avslått, start deretter motor medan du trykker inn pedal. Den skal då siga inn.                                
  • Forklar og vis bremseveskebehaldaren.                     
    • Inneheld bremseveske for bruk av bremsene, skal vera mellom max og min. Behaldaren finn me i motorrommet framfor bremsepedalen.
  • Kva er eit 2-krets bremsesystem? 
    • På grunn av fare for bremsesvikt er det dobbelt opp med bremsesystem på nokre av hjula.
  • Vis og test varsellampe for bremsar.  
    • Sjå bilde nederst på sida.                       
  • Kontroller bremsevirkning og forklar kvifor. 
    • Kjør opp mot ca. 40 km/t på ein rett strekning og brems med god virkning medan du held laust i rattet, bilen skal no normalt ikkje trekke til ei side.            
  • Kva er årsaka til at bremsane dreg skjeivt ?  
    • Feil på bremseklossar/bremseskiver, bremsestempel ved hjulet eller lekasje.       
  • Vis varsellampe for ABS og forklar funksjon. 
    • Sjå bilde nederst på sida. AntiBlockingSystem betyr blokkeringsfrie bremser og er eit aktivt elektronisk hjelpemiddel bilen nyttar for at me framleis skal kunne svinga medan me bremsar hardt. Kort fortalt hindrar systemet hjula å stoppe heit opp, men tvingar bremsen til å gå litt av slik at hjulet kan rotere.                 

 

Lys:

  • Kva lys er påbudt framme på bilen ? 
    • Nærlys, fjernlys og parkeringslys.
  • Kva lys er påbudt bak på bilen ? 
    • Baklys, bremselys, skiltlys og ryggelys.
  • Kva er krava til dei ulike lysa, antall, styrke, farge, plassering osv? 
    • Nærlys skal lysa opp vegen 40 meter og lysa asymetrisk. Fjernlys skal lysa opp vegen minst 100 meter. Parkeringslys og baklys skal kunne sjåast på 300 meters avstand.
    • Alle framlysa kan ha gul eller kvit farge. Baklysa og bremselysa har raud farge, bremselysa kraftigare. Skiltlys og ryggelys kvit farge. Alle lys skal vera 2 untatt bremselys som skal vera 3 der eit er høgt plassert. Ryggelys kan væra eitt.
  • Kontroller at lysa lyser riktig. 
    • Dei fleste lys kan kontrollerast ved å slå dei på for deretter å gå ut å sjå at dei lyser. For bremselysa vert det vanskeleg so ein lyt finna på noko lurt for å få det til. T.d. rygg mot ei glasrute og brems.
  • Kontroller asymetrisk nærlys. 
    • Ikkje symetrisk nærlys (asymetrisk) betyr at lyset lyser lenger og høgare på høgre side. Kontrollerast ved å kjøra fram mot ein vegg eller mur og sjå at lysstrålen lyser høgare på høgre side.
  • Kor tid nyttar me parkeringslys ? 
    • Parkeringslys skal nyttast når bilen har stoppa langs vegen, eller når bilen er parkert i vegen og den ikkje er tilstrekkeleg opplyst av t.d. gatelys.
  • Kva er lovleg bruk av tåke/kurvelys ? 
    • Tåkelys kan nyttast ved redusert sikt og berre ved bruk av parkeringslys samstundes. Ikkje nær- eller fjernlys. Me har to kvite tåkelys foran, og eit kraftig raudt bak. Den runde lysbrytaren til venstre vert brukt for å slå på tåkelys, 1 knepp ut er tåkelys foran, 2 knepp ut er både foran og bak.
  • Kor tid brukar me nødsignallysa og kva lys skal nyttast samstundes ? 
    • Ved nødstopp for å markera bil eller annan situasjon me treng ekstra oppmerksomheit. Nytt parkeringslys så dei oransje lysa vert lettare å sjå.

 

Styring:                                                                             

  • Kontroller og forklar servostyring, vis lampe. 
    • Servostyring hjelper oss å dreie rattet. På vår bil er den elektrisk. Kan kontrollerast ved å forsøke å dreie rattet med motoren av, for deretter å starte motoren og prøve igjen. Rød lampe på bilde nederst varslar oss om feil på servostyring.       
  • Er det forsvarleg å kjøra om servo ikkje virkar ? 
    • Nei, kjøreeigenskapane vert vesentleg forringa og styresystemet kan verta ytterlegare skada.   
  • Forklar og test dødgang på rattet. 
    • Det er normalt å ha litt dødgang på rattet, max 2-3 cm. Det er bevegelse me kan gjere på rattet utan at hjula svingar. Kontroller ved å stå utafor bilen og med små bevegelsar dreie rattet medan ein ser på felgen om den bevegar seg.                                
  • Er bilen retningsstabil ? Forklar og kontroller. 
    • Alle bilar er konstruert for å vera retningsstabile, det betyr at om me slepper rattet skal bilen fortsetja rett fram. Kjør i ca. 30 km/t slepp grepet forsiktig. Feil som kan påverke dette er for lite luft i eit hjul eller feil på forstilling.                      
  • Forklar og prøv sjølvoppretting. 
    • Har samanheng med retningsstabilitet. Etter ein sving kan me løysne grepet i rattet og bilen rettar seg opp til å kjøra rett fram.

 

Hjul:

  • Kontroller dekkdimensjon, forklar dei ulike verdiane inkl. load index og hastigheitsbegrensning. 
    • Alle data om bilens dekkutrustning finn ein i vognkortet. Det finns ofte fleire alternativ. 
    • Min Audi A3 er utstyrt med 205/50R17  94 T for vinterdekk M+S. og 225/45R17 91 Y for sommardekk 225 er dekkets bredde i millimeter, 45 er profil (høgde) på dekket i % av bredde (ca 10 cm.) R er radialdekk (dekkets oppbygning). Tala 94 eller 91 henviser til dekkets bæreevne eller load index og ifylje vognkortet må den vera høgare enn 86. Desse tala står for ei vekt eller eit press dekket garantert tåler. 86 = 530kg, 91 = 615kg. og 94 er 670 kg.   Hastigheitsbegrensning er den fart dekket garantert toler. Den er oppgitt med ein bokstavkode. Ifylje vognkortet må denne bilen ha dekk som toler U. U er 200 km/t. Y er 300 km/t og T er 190 km/t. T er godt nok på alle vinterdekk.
  • Finn rett lufttrykk og kontroller eit dekk.
    • Rett lufttrykk kan ein lesa av ein tabell som på denne bilen er plassert i bakkant av førardøra, eller på tankloket eller ein annan stad. Den må opnast for at me kan lesa den. Det står fleire aktuelle dekkdimensjonar der og også om bilen er lett eller tungt lasta. Kontroller ved å bruka luftmålerverktøy i bilen eller på ein bensinstasjon. Legg merke til at framdekka kan ha anna lufttrykk enn bakhjula.
  • Kva er konsekvensen ved å ha feil lufttrykk ? 
    • Bilen får dårlegare kjøreeigenskapar slik som sving og bremsing. Dekka vert fortare utslitt og komforten i bilen dårlegare. Ved for mykje luft vert dekka utslitt fortare på midten, ved for lite luft er det sidene som slitest mest.
  • Kontroller dekkmønster. Kva er krava ? Kva er konsekvensen av for lite dekkmønster?
    • Krava til dekkmønster er for sommardekk 1,6 millimeter og for vinterdekk 3 millimeter. Mål med dekkmålar som finst i bilen. Hugs også at dekka er utstyrt med slitebaneindikator som er ein forhøgning av gummien i rillene i dekket som tilsvarer minimumskrava til mønster. Ved kjøring med utslitte dekk risikerer ein lettare vannplaning, og fornkla forelegg frå politiet.
  • Er dekk og felgar utan skadar? Kva er vanlege skadar ? 
    • Det er ikkje uvanleg at ein kan kjøra inntil ein fortauskant eller i ei hole i vegen. Difor er det viktig å jamnleg kontrollera dekka og felgane for skader. Kutt og rifter må ikkje forekomma på dekka, heller ikkje sprekker i felgane. Ved stor belastning som t.d. høg fart kan desse feila enda i punktering eller eksplosjon i dekket med katastrofale fyljer.

 

Sikt:

  • Er det nok vindusspylerveske ? Vis påfylling. 
    • Det er viktig å ha nok spylerveske på tanken for å gjøra kjøreturen sikker. Det kan verta veldig dårleg sikt om me ikkje får spylt rutene reine. Tanken er på bilens høgre side framme i motorrommet merka med spylesymbol. Når det er lite spylerveske att vert ein varsla av eit gult symbol i instrumentpanelet.
  • Vis og forklar dei ulike instillingane for viskarane. 
    • Bilane har ulike instillingar til forskjellig bruk. 0 = av, opp = intervall eller automatikk, vidare opp = normal fart, vidare opp = max fart. Det er på nokre bilar omvendt av dette. Kontroller at ruta vert rein ved bruk av vindusvisker, viss ikkje kan den vera defekt eller dårleg noko som resulterer i dårleg sikt.
  • Korleis fjernar me dogg i frontruta ? 
    • Dogg i frontruta kan oppstå viss me er våte eller fuktige når me set oss inn eller om me sit lenge i bilen utan ventilasjon. Den fjernar me ved å trykke på knappen for defrosting som kanaliserer varm luft direkte på frontruta.
  • Korleis fjernar me dogg i bakruta ? 
    • Dogg i bakruta fjernar me ved å trykka på knappen for elektriske varmetrådar i bakruta. Den finn me nederst i kontrollpanelet for ventilasjon.
    • På enkelte bilar kan også dogg eller is på speiglar fjernast me denne knappen, eller ein annan som for eksempel den som stillar inn spaiglane.

 

 

Sikkerheit:

  • Kontroller bilbeltet. 
    • Rett bruk av bilbeltet sparer mange liv på norske vegar. Beltet skal ikkje ha rifter eller kutt. Ein skal passe på at beltet ikkje er vridd og kontrollere at det stoppar når ein rykker i det.
  • Korleis veit me at airbag virkar? Kor er dei ? 
    • Når me tar på tenninga lyser lampe for airbag opp for deretter å sløkkast att. Bilen føretek då ein kontroll av airbagsystema og dersom alt er ok vil lampen forbli sløkt. Airbagane har me foran og på sidene. Hugs at det er ulovleg å transportere barn i barnesete i framsete med ryggen mot kjøreretningen dersom airbag ikkje kan koblast ut.
  • Finn fram varseltrekanten og forklar bruken. 
    • Varseltrekanten finn me på golvet bakerst i bagasjerommet. Tan han ut av hylsteret og monter han saman. Vurder om det er best for andre trafikantar om me set han opp foran eller bak bilen. Tenk også på at nokon kan sjå nødsignallysa våre også. Utanfor tettbygd område bør me plassera han minimum 100 meter frå bilen.
  • Kvar er refleksvesten? Kor tid tar me han på ? 
    • Det er krav til at refleksvesten skal nåast frå førarsetet. I vår bil ligg den i lomma i døra. Det er ikkje krav til at vesten må takast på før me går ut, men pakk den ut og hald den gjerne synleg i venstre hand når me opnar døra.
  • Forklar bruken og prøv lys- og lydhorn. 
    • Lys og lydhorn kan brukast for å avverge fare.

 

 

Vognkortet: 

  • Kor mykje kan me laste i bilen ? Kor mange personar ? 
    • I vognkortet finn ein diverse aktuelle vekter for kjøretøyet. Totalvekt er summen av egenvekt med førar + nyttelast. Nyttelast på denne bilen er 485 kg. Antall personar står under kapittelet om sitjeplassar og svaret er 5.
  • Kor mykje kan me laste på taket ? 
    • Tillatt taklast er 75 kg.
  •  Kor stor tilhengar kan bilen dra ? 
    • Største mogelege hengar til denne bilen er 1400 kg.
  •  Kor stor tilhengar med førarkort kl. B ?
    • Begrensningar i størrelsen på hengar av førerkort klasse B vert gjort ut frå «campingvognregelen»». Den seier at tilengerens tillatte totalvekt ikkje kan overskrida bilens eigenvekt med førar. Tilsaman må bilens og tilhengarens tillatte totalvekt samla ikkje overskrida 3500 kg. Denne bilen har eigenvekt med førar på 1395 kg. So det er grensa for vekta på tilhengaren.
  •  Kva er konsekvensen ved overlast? 
    • Dersom me kjører med overlast vil bilens styre og bremseeigenskapar verte dårlegare og farlege situasjonar kan oppstå.
  •  Kva er høgaste tillat vekt på tilhengarkroken ? 
    • Maks koblingslast (trykket på tilhengarkroken) er 75 kg. Ved feil lasting (vektfordeling) av hengaren vil det medføra fare for blending av motkjørande, og redusert veggrep på framhjula.

Instrumentpanelet:

  • Kontroller alle varsellampar, brytarar og knappar og forklar deira funksjon. 
    • Sjå på bildet for dei ulike varsellampane.
  • Forklar forskjellen på gule/oransje lys og raude lys. 
    • Dei raude lysa er viktigare enn dei gule/oransje. Det er ikkje anbefalt å kjøra vidare med raud varsellampe som lyser. Det kan medføra fare for ulykker eller for stor skade på kjøretøyet.
  • Kvar finn me informasjon om dei ulike varsellampane (og alt anna) ? 
    • Det finn me sjølvsagt i bilens instruksjonsbok i hanskerommet.