Nyttig informasjon

Mange ynskjer å få førarkortet så fort som mogeleg, medan andre ynskjer å bruke meir tid. Det er nokre forhold å ta hensyn til når det gjeld å beregna tida fram mot førerkortet.

Dei som har fylt 25 år treng kun delar av trafikalt Grunnkurs, det vil sei mørkekjøringsdemonstrasjon og førstehjelp. Alle andre må gjennomføra trafikalt grunnkurs før de kan øvingskjøra privat eller på kjøreskule. De som har teke trafikalt grunnkurs i den lyse årstida (16.03-31.10) MÅ ha mørkekjøring innan 31.01 året etter, ellers mistar de retten til å kjøre inntil mørkekjøringsdemonstrasjon er gjennomført.

Øvingskjøring: Høg ulykkesrisiko heng i stor grad saman med lite kjøreerfaring. Vegvesenet ynskjer difor at du har minst 140 øvingstimar før du skal ta praktisk prøve. Det tilsvarer minst 1 time i veka i 2 år. 

  • Frå du har sendt søknad om førerkort til ein trafikkstasjon kan det ta 2 – 3 veker før søknaden er ferdigbehandla fordi dei må ha vandelssjekk hos politiet.
  • Når søknaden er godkjent kan du ta teoriprøven hjå trafikkstasjonen, men du kan ikkje ta prøven tidligare enn seks månader før fylte 18 år.
  • Når teoriprøven er bestått, kan du bestille førarprøve (oppkjøring), det vil ta 4 til 8 veker å finne ledig tid på trafikkstasjonen.

Totalt kan ventetida verta 6-10 veker frå ein sender søknad til førerprøven kan gjennomførast.

Dette forutset naturligvis at du har et kunnskaps- og ferdighetsnivå som gjer da meningsfullt å gå opp til teoretisk eller praktisk prøve.

Det er karenstid på 4 veker ved stryk på praktisk prøve, og 2 veker ved stryk på teoriprøven. Praktisk prøve må avbestillast seinast 2 virkedagar før hos trafikkstasjonen, ellers må eleven betala førerprøvegegyr etter gjeldande satsar.


Viktig om avbestilling av timar og betaling:

Avbestilling av kjøretimer må gjerast før kl. 18:00 dagen før timen, ellers må timen betalast for.

Betaling for kjøretimar er giro sendt til epost eller i posten. Vil du ha giro i posten kjem det eit fakturagebyr på kr 30.- i tillegg.

 

Himle trafikkskule ynskjer deg lykke til med førerkortopplæringa!